Monthly Archives: november 2010

form og innhald

dette er noko eg har tenkt på lenge:

Kva er tilhøvet mellom form og innhald? / Korleis kan ein vite at ein diktar har eit medvite forhold til sitt eige formspråk? / Kan noko vere berre form? Eller berre innhald? / Kva gjer forma med innhaldet? Kva gjer innhaldet med forma? / osb.

gode ting:

Ein lærar som seier det slik: Du vil seie noko, og gir det den forma du tykkjer høver bra. / Å slå opp på ei tilfeldig side i ei tilfeldig bok og lese ein kunstnar svare slik på spørsmål om kunsten hans har eit innhald: Nei, eg tenkjer ikkje på innhald når eg formar bileta mine. (Han sa meir òg, som viste at han hadde tenkt på innhaldet likevel, men det var befriande å lese det fyrste.)


det danske «nå»

nå! [ nå ] /

nå, [ nå ] ➘

nåh [nå.å]  ➚

nåh [nå.]  ➚

nåh [nå.å.] ^


attersyn med bob / hundens poetikk

 

ikkje twin peaks, ikkje bandet, men sveisen. for om lag halve livet mitt sidan byrja mamma å klyppe meg i staden for pappa. då gjekk eg over frå bollesveis til bob. vi hadde ei gul bok med svart-kvitt-teikningar av ulike frisyrer, og eg valde alltid bob. 12 og eit halvt år seinare vender eg altså tilbake. i går, då eg tenkte på å gå til frisøren, såg det ut som halve berlin var full av bob. i dag er eg aleine.

 

Jeg ville vise at man kan riste på hele hodet slik at håret står rett ut. (Eva Jensen, hundens poetikk).