Å gjere noko fleire gonger for å gi det tyngda av eit ritual.

Les meir

K

K for kjærleik,

kross på halsen og

ti knivar i hjarta.

H.H.


samtalemal 1

 

Trass i stadig nye aviser, dagsrevysendingar og Skal vi danse-sesongar har den Gamle slutta å følgje med på den kollektive teljinga av månader, dagar og år. Skjedde det når venninnegjengen slutta å lunsje kvar tysdag, eller når alderen runda 100 og det ikkje var freistande å telje meir?

 

Samtalemal 1:

-Hvor gammel er jeg?

-Når er du fødd?

-1923

-Ja! Og kva år er det nå?

-Nei, jeg vet ikke.

 

 


Lady Di

 

Korleis eg alltid har tenkt på henne som Lady Di. Like ung då ho kom og den same silhuetten. Nakken bøygd litt til sida og blikket både beint fram og beint ned. Dessutan med ein litt kjip og veldig høgtideleg mann med sida si.

No fyller den eine 100 og den andre ei grav. Men kven er mest levande? Kan det hende at ulukka tok livet av dei både?

 

 


elektrokardiogram

Horisonten langs fjorden er ein EKG-kurve. Den viser eit fjellstøtt, men forsteina hjarte.


voggesong

 

Å halde det gåande med begge føtene i lause haustlufta.

Lett-trødd luft, tung-rodd kvardag.

Legge hovudet bakover og bli regnflekkete oppå alle freknene.

Lese dikt i staden for grammatikk.

Kan ein krysse Kattegat slik?

 

 


notes on a scandal

 

I alle fall det som skulle vise seg å bli ein skandale, nemleg det blåe valresultatet. «The streets aren’t for dreaming now». 

 

Berre unge menn i panelet, berre unge damer i salen. Dei kjekkar seg, kjeklar, øver seg i språket dei er i ferd med å gjere til sitt eige. Dei må enno tenkje, konsentrere seg, men om eit par rundar kjem munnane til å opne seg på autopilot for å sleppe ut strie straumar av røyndomsfjerne ord og frasar.

 

Han ytst til venstre er så sliten, så liten, så lei av å vere på kontoret 12 timar i strekk. Kroppen krøkjer seg saman i ei slags sitjande fosterstilling, fingrane blar og blar på ipaden, stemma raspar opp halsen. Han kan berre kviskre. Dette er det han lengtar etter: Å reise seg frå debatten, riste dei stive handledda, jogge i regnet, ta på reine klede og gå til sengs.

 

 


%d bloggarar likar dette: